>Jatak Bergen AS

« Tilbake

Christies gate 6
Jatak Kaupanger AS

Jatak Kaupanger AS er ein leiande produsent av takstolar og andre komplekse trekonstruksjonar til bygg og anlegg. Bedrifta har dei siste åra hatt betydeleg vekst, og nådde i fjor ein omsetning på 115 MNOK. Parallelt med dette har bedrifta gjennomført betydelege investeringar i anlegg og ny teknologi, og hausten 2017 opna vi ein ny industrihall for elementproduksjon. Kombinert med ein kompetent og motivert stab som teller over 5o ansatte, riggar Jatak Kaupanger seg for vidare vekst i dei kommande åra.    

Jatak Kaupanger AS er ein av 5 eigarar i Jatak – kjeda som er Noregs største leverandør av trekonstruksjonar. Kjeda forsterkar eigarane si konkurransekraft gjennom felles innkjøp, marknadsføring og produktløysingar.